Samlingsbasert kurs

Universitetet i Bergen

15 Studiepoeng

1 semester deltid

Organisasjonspsykologi

Målet med emnet er å gi studentane forståing for menneske i eit organisasjonspsykologisk perspektiv.

Tema som vert tekne opp inkluderer kommunikasjon, leiing, individuelle forskjellar, grupper og gruppeprosessar, konfliktar, organisasjonskultur, og organisasjonsutvikling inkl. omstillingar i organisasjonar. Konkretiserte mål er å gjere studentane kjende med tydinga av så vel individuelle som leiingsrelaterte, grupperelaterte og organisatoriske faktorar si tyding for menneskeleg åtferd i organisasjonar. Emnet skal gi studentane ei fordjuping i organisasjonspsykologi som bidrar til at dei i ulike roller og funksjonar vil forstå, beskrive, analysere og anvende kunnskap om individ i samspel på tvers av ulike situasjonar og organisatoriske kontekstar.

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kurset kan inngå som valgfag i Bachelor i Ledelse.

Kurset har tre helgesamlinger samt webinarer.