Samlingsbasert kurs

Høgskulen på Vestlandet

15 Studiepoeng

1 semester deltid

Diploma in Project Management

Vidareutdanning som gir grundig kjennskap til sentrale kunnskapsområde innan prosjektfaget.

Studiet er modulbasert. Studieaktivitetar, case og oppgåver i kvar modul gir studentane høve til å bruke kunnskap, metodar og verktøy til å utvikle ferdigheiter som er avgjerande for å organisere, planlegge, følge opp, avslutte og evaluere eit prosjekt på ein forsvarleg måte.

Prosjektleiing (Project Management) er basert på ei vidareutdanning utvikla av Chifley Business School i Australia, og gjort tilgjengeleg for Addisco gjennom ein lisensavtale.

(Addisco er eigd av Forbundet for Ledelse og Teknikk (FLT).

Studiet støttar den internasjonalt anerkjende prosjektstandarden PMBOK (R) Guide frå Project Management Institute (PMI) og supplerast med oppdatert fagstoff frå norsk prosjektlitteratur.