Samlingsbasert kurs

Høgskulen på Vestlandet

15 Studiepoeng

LEAN Ledelse

Etter å ha fullført kurset vil du kunne bidra til nytenkning og utvikling, og beherske grunnleggende metoder som kundeverdianalyse, ståstedsanalyse, verdistrømkartlegging, styring og bruk av produksjonstavler og daglig målstyring.

Etter å ha fullført kurset Lean leiing skal kandidatane kunne bidra til nytenking og utvikling innan sine område, og meistre grunnleggande metodar som kundeverdianalyse, ståstadanalyse, verdistraumkartlegging, styring og bruk av produksjonstavler og dagleg målstyring. Dei skal kunne meistre ulike leiarroller i verksemder med «Lean kultur» og bidra aktivt i vidareutvikling av verksemder basert på prinsippa i Lean, og på sjølvstendig grunnlag oppdatere kunnskapen sin gjennom bruk av internett, litteratur og gjennom kontakt med andre aktuelle fagmiljø.

I kurset gjennomgår ein:

Lean prinsippa og styringsprosessane i verksemder.
Verktøy, system for analysar, optimal utvikling og styring av prosessar etter prinsippa i Lean.
Lean tenking i ulike typar verksemder.
Prosjektbasert produksjon av produkt og tenester (konstruksjon, bygg og anlegg, engineering, offentlege – og bank og forsikringstenester, administrasjon osv.).
Lean innovasjons- og produktutvikling. (Knowledge based product development KBD)

Kurset er bygd opp som ein kombinasjon av nettstudium og fire samlingar (torsdag – laurdag og fredag – søndag). Tre av samlingane skjer ved Høgskulen på Vestlandet, Bergen, medan ei samling vil bli lagt til ein annan stad i Noreg.