Samlingsbasert kurs

Høgskulen på Vestlandet

15 Studiepoeng

HMS ledelse og endring

Vidareutdanning som gir ei brei innføring i leiing og økonomi i HMS og innsikt i samspelet mellom individ, organisasjon og samfunn og i kva grad dette kan påverke HMS-kulturen i ei bedrift.

Gjennom studiet får du ei brei innføring i fagområda leiing og økonomi i HMS og forståing og innsikt i samspelet mellom individ, organisasjon og samfunn og i kva grad dette kan påverke HMS-kulturen i ei bedrift. Du skal etter avslutta utdanning kunne vurdere og iverksette HMS-strategiar i eiga bedrift.

Studiet består av følgande hovudtema:

Leiing: Leiing av gode rutinar og nødvendig endring, leiingsformer og leiingsteknikkar, profesjonalisering av HMS-arbeid
Økonomi: Nytte-kostnadsanalysar, lønsam ressursbruk.
Lov- og avtaleverk: HMS-lover og forskrifter.
Samspel: Individ, organisasjon og samfunn i HMS-kultur, HMS-arbeid i organisasjons- og økonomifagleg kontekst, tillit og etikk blir prioritert for HMS-forbetringar og leiing av dette.

Arbeidsformene vil variere mellom forelesing, gruppearbeid, oppgåveløysing og sjølvstudium. I tillegg er studiet IKT-støtta.