Samlingsbasert kurs

Høgskulen på Vestlandet

15 Studiepoeng

1 semester deltid

Foredragsholder: Kari Heggholmen og Åshild Mongstad

Coaching som ledelsesverktøy

Det mellommenneskelige og lærende perspektivet i ledelse står i fokus i studiet.

Studiet er utvikla for at leiarar og medarbeidarar i private og offentlege verksemder skal få høve til å forbetre kommunikasjons- og relasjonskompetansen sin som grunnlag for ein coachande leiarstil. Det mellommenneskelege og lærande perspektivet i leiing står i fokus i studiet. Med dagens og framtidas krav til kunnskapsutvikling, omstillingsevne og effektivisering, vil ein coachande leiar kunne bidra til utvikling og vekst og balansering på både individ, tema og organisasjonsnivå i verksemdene sine.

Coaching handlar om å legge til rette for å frigjere fagleg og personleg potensiale hos andre, og bidra til vekst, læring og meistring gjennom refleksjon, dialog og handling. Coaching skal stimulere til at medarbeidarar blir myndiggjorde og drive med sjølvleiing. Team kan gjennom ein coachande leiarstil også stimulerast til å bli sjølvstyrte. Dette studiet gjev innsikt i korleis ein som ein coachande leiar kan bidra til at medarbeidarar, team og verksemder kan vidareutvikle sine talent og realisere måla sine.

Rolla til den coachande leiaren handlar om å synleggjere, anerkjenne, sette ord på, reflektere over og utfordre medarbeidarar og team sine personlege og faglege utviklingar og læringar. Ein coachande leiarstil vil også kunne bidra til å handtere endringsprosessar på systemnivå i organisasjonen og vere ein av føresetnadene for å skape lærande organisasjonar.

Studentane skal planlegge, gjennomføre, reflektere over og dokumentere faktiske tiltak på arbeidsplassen som bidrar til læring og vekst, både for seg sjølv som studentar og for dei som leiast på arbeidsplassen. Studentane skal utvikle handlingskompetanse gjennom å bruke strategiar, metodar og verktøy frå coaching og nyare leiingsteoriar.