Samlingsbasert kurs

Høgskulen på Vestlandet

15 Studiepoeng

1 semester deltid

Bedriftsøkonomisk analyse

Kurset gir grunnleggande kunnskapar i bedriftsøkonomisk teori og metode. Kurset startar med ei innføring i registrering av dei mest vanlege rekneskapsmessige transaksjonane. Det gir innsikt i registreringsprinsipp, registreringsrutinar og kontoplan.

Kursdeltakarane skal lære å avslutte og presentere ein årsrekneskap (finansrekneskap). Vidare blir det gjennomgått korleis rekneskapsdata blir behandla i driftsrekneskap for bruk i ulike typar avgjerder på kort og lang sikt.

Kurset gir i tillegg innsikt i prinsipielle og praktiske problemstillingar knytte til investeringar og finansiering (lån) med spesiell vekt på metodar for lønsemd kalkylar.